Røykutvikling i Gaupne i natt

DEL

Klokka 00.46 i natt fekk politiet melding om røykutvikling i ei leilegheit i ein fleirmannsbustad på Grandmo i Gaupne.

Det var ein person i bustaden og han har pusta inn noko røyk. Ambulansepersonale har undersøkt personen og han er ok. Mannen vart ikkje teke med til legevakt og sov ein annan plass resten av natta.

Vest politidistrikt meiner årsaka til røyken var tørrkoking og dei opprettar sak.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken