Klokka 18:14 melder Alarmsentralen 110 Vest om røykutvikling i ein einebustad i Gudvangen. Røyken skal koma frå ein vegg.
Ifølgje Vest politidistrikt skal det ikkje vera observert brann og ingen personar skal vera skadd.
– Alle er gjort greie for og alle er ute av huset. Aurland brannvesen er på veg. Dei har litt til køyring før dei er framme, seier vaktkommandør Helge Lund på Alarmsentralen.
Brannvesenet er framme på staden klokka 18:33. Dei melder om mykje røyk på kjøkenet i huset og set i verk tiltak.
Seinare får dei konstatert at det er ein ulmebrann i bjelkelaget mellom kjellaren og kjøkenet. Det er framleis ikkje observert opne flammar.
– Me driv og lokaliserer og må opna opp for å koma til. Det er det som føregår no. Eg trur det vil ta litt tid, seier Lund klokka 19:40.
Klokka 20:15 har brannvesenet returnert frå staden.
– Brannen er sløkt. Det er ingen som bur i huset og eg kjenner ikkje til at nokon skal ha vore utsett for røyk, seier Håkon Myking på Alarmsentralen.