Naudetatane rykte ut til Hestnes på Hafslo etter melding om røyk frå ei oppvaskmaskin. Det melder Alarmsentralen 110 Vest.
– Dama som bur i huset ringde inn, og sa det kom røyk frå oppvaskmaskina. Ho tok straumen på den, og fekk med seg ungane ut. Brannvesenet er på staden, og det har allereie minka med røyk, seier vaktkommandør Tore Fanebust.
Dei har allereie funne ut kva som har skjedd.
– Det er truleg ei kortslutning bak oppvaskmaskina. Folka på staden har kontroll der no, avsluttar Fanebust.