Han er mangeårig programleiar i P3 og eit førebilete for andre når det kjem til å bruka nynorsk.
- Vel fortent
- Tusen takk, var det ein uvant taus og overraska Aase klarte å få fram då han fekk prisen direkte under sendinga til P3morgen.- Aase har vore ein tydeleg og viktig ambassadør for nynorsk i mange år. Svært mange møter nynorsk berre gjennom NRK, og særleg ungdom manglar språklege førebilete, sa styreleiar i Kringkastingsringen, Kathrine Nygård.Ho meiner det var på høg tid og vel fortent av Aase fekk Kringkastingsprisen.- Det er urråd å overdriva innsatsen Ronny har gjort gjennom nesten tre tusen sendingar på P3morgen. Han vil bli sakna, sa Nygård.
Nynorsk, samisk og dialekt
Prisen er eit grafisk trykk av Lars Teigum. Pluss mykje heider og ære.Kringkastingsringen har delt ut Kringkastingsprisen kvart år sidan 1978. Mellom tidlegare vinnarar finn ein Arill Riise, Ingerid Stenvold og Are Kalvø.Medlemsorganisasjonen arbeidar for mest mogleg nynorsk, dialekt og samisk i radio og tv. Kvart år ut deler organisasjonen ut Kringkastingsprisen til ei røyst i eteren som utmerkja seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte brukar nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet.