Frå Indre Sogn har operasjonssentralen ingenting å rapportera. For resten av politidistriktet var det heller ikkje mykje politiet hadde å gripa fatt i natt til søndag.

Dei fleste oppdraga var i Bergen, knytt til rus og folk som uroa og var til sjenanse for andre.

I Førde blanda ein mann seg inn i politiet sitt arbeid, såpass aggressivt at han hamna i drukkenskapsarresten.