Rita fann denne på fortauet – veit du kven det er si?

STOD PÅ FORTAUET: Kven eig denne?

STOD PÅ FORTAUET: Kven eig denne? Foto:

Saknar du ei fiskeveske?

DEL

For om lag ein månad sidan fann Rita Navarsete ei fiskeveske på fortauet nedanfor rutebilstasjonen i Sogndal.

– Eg tok den med meg i bilen heim og la ut eit innlegg på Facebook der eg etterlyste eigar. Så hengde veska i garasjen.

Der var den hengjande ei stund.

– Eg gløymde den, heilt til eg plutseleg såg den att ein dag no nyleg.

Ta kontakt

Eigaren har framleis ikkje meld seg.

– Det er mykje fiskeutstyr oppi den, men det står ikkje noko namn på. Den eller dei som eig den må kontakta meg og seie kva som er oppi den så skal dei få den att, seier Navarsete.

– Eg fiskar ikkje, så viss ikkje eg finn eigaren kjem eg til gje den til velgjerd.

Ta kontakt med Rita Navarsete på 480 54 371, eller ritanavarsete@outlook.com

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken