– Svindlarar finn stadig nye måtar dei ønskjer å lura kundane på. I det siste har kundar blitt ringt opp frå det som tilsynelatande er nummeret vårt. Svindlarane ønskjer å få kunden til å oppgje BankID, Vipps-informasjon, passord og aktiveringskodar. Slik informasjon må ein aldri gje frå seg. Me i banken ville aldri bedt kundar oppgje dette, så dei kan vere heilt sikre på at dette ikkje er oss, seier leiar for marknad og kommunikasjon, Johanne Viken Sandnes i ei pressemelding.
Mail og sms
Andre typiske svindelforsøk banken ser er svindel via mail og SMS.
– Slike meldingar kan til dømes vera at du blir bedt om å stadfesta innlogging i nettbanken eller betalingar med BankID på mobil, ofte med ein link til ei falsk nettside der dei prøver å få tak i BankID-passordet ditt. Her må ein igjen hugsa mantraet: Ikkje gje frå deg kodar og passord. Slett meldinga og mailen, fortel Sandnes.
Banken sine råd for å unngå å bli svindla:
- Ikkje gje frå deg sensitiv informasjon. Banken din vil aldri be deg om sensitiv informasjon, som passord, brukarnamn eller kortinformasjon eller BankID. Du skal aldri dela passorda dine med nokon. Ikkje eingong med dei du kjenner!
- Blir du ringt opp på telefonen og er usikker på om samtalen er legitim, så kan du avslutta samtalen og ringa oss på telefon 57 82 97 00. Du kan også kontakta oss på chat når du er innlogga inn i nettbanken.
- Fått e-post om uteståande betaling på ei levering? Sjekk avsendar på e-posten, og slett e-posten med mindre det er noko du faktisk kjenner til.
- Stol aldri blindt på innhald i meldingar eller e-postar, sjølv om det ser ut til å koma frå banken din, eller nokon du stolar på. Ikkje klikk på mistenkjelege lenkjer du mottar i meldingar.
- Dersom språket og innhaldet i meldinga er rart formulert, bør du bli mistenksam. Vera ekstra på vakt viss avsendaren har eit utanlandsk telefonnummer.
- Ikkje ring tilbake eller svar på tekstmeldinga. Det kan fort kosta deg dyrt.