Riksveg 55 blir opna i dag

Geolog har sjekka fjellsida, og konkludert med at vegen kan opnast i dag, torsdag.

DEL

Det opplyser politiet på Twitter klokka 17.34.

Opprydding blir difor sett i gang.

Lokal politipatrulje, brannvesen og Sognekraft er på staden.

Klokka 17.59 opplyser Vegtrafikksentralen at oppryddingsarbeidet er venta å vera avslutta klokka 21.00.

Torsdag ettermiddag dundra store steinar ned i vegbana på riksveg 55 ved Ylvisåker, mellom Sogndal og Leikanger.

Artikkeltags