Resultatet til sparebanken er sterkt prega av krisa: – Har likviditet til å stå støtt gjennom situasjonen

RUSTA: Administrerande direktør Trond Teigene meiner Sparebanken Sogn og Fjordane er rusta for krevjande tider.

RUSTA: Administrerande direktør Trond Teigene meiner Sparebanken Sogn og Fjordane er rusta for krevjande tider. Foto:

Sparebanken Sogn og Fjordane står seg godt, men merkar at korona-situasjonen pregar samfunnet vårt.   

DEL

Resultatet før skatt er på 29 millionar kroner mot 159 millionar kroner for same kvartal i fjor.

Resultatet er sterkt prega av verknadane koronakrisa får for bedriftene i banken sitt kjerneområde, skriv banken i ei pressemelding.

Resultatnedgangen skuldast 80 millionar som er sett av til forventa tap på utlån, og negativt resultat frå finansielle instrument på 49 millionar kroner. Begge delar grunna koronapandemien.

– Er solid

Sparebanken Sogn og Fjordane er likevel solid og har ein kjernekapitaldekning på 15,9 prosent som er godt over regulatorisk krav og ein god utlånsvekst på seks prosent siste tolv månadar.

– Sparebanken Sogn og Fjordane har levert gode resultat over tid, det gjer at banken er solid og har likviditet til å stå støtt gjennom situasjonen me er i. Me har alltid sagt at vårt aller viktigaste samfunnsansvar er å vera ein sterk muskel for næringslivet i Sogn og Fjordane, og det har aldri vore meir sant. Våre 40 tilsette på bedriftsmarknaden følgjer næringslivet tett. Sparebanken Sogn og Fjordane har seks av ti aksjeselskap i Sogn og Fjordane som kundar, og ei av våre viktigaste oppgåver er å hjelpa våre bedriftskundar som har fått utfordringar som følgje av tiltaka myndigheitene har gjennomført gjennom ei krevjande tid, seier administrerande direktør Trond Teigene.

Vil hjelpa organisasjonar i koronavanskar

Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har ei ramme på om lag 55 millionar kroner i gåver- og sponsormidlar for 2020, og har blant anna sett opp ei ekstraordinær søkjarrunde for lag og organisasjonar som treng pengestøtte grunna koronakrisa.

– Banken skal vera ein trygg og langsiktig støttespelar for kultur, idrett og næringsretta tiltak i lag med våre eigarstiftingar. Me vil at Sogn og Fjordane skal ha eit allsidig kulturliv og mykje aktivitet i lokalmiljøa, og håpar at lag og organisasjonar som vert råka av koronasituasjonen søkjer midlar hos eigarstiftinga vår, seier Teigene.

Ein del av dugnaden

Samfunnet har vore i ein heilt ekstraordinær situasjon sidan 12. mars, då koronaviruset gjorde at stenginga av Norge trådde i kraft. Teigene seier det har vore viktig for banken å vera med på dugnaden, og har gjort det dei kan få å redusera spreiing.

– Kontora våre har vore opne etter avtale for kundar, men åtte av ti av våre tilsette har jobba på heimekontor sidan 13. mars. Me har jobba aktivt med å nå ut med relevant informasjon til både tilsette og kundar, og var raskt ute med avdragsfriheit til privatkundar som vart råka av permitteringar, seier Teigene.

Komplisert rentebilete

Netto renteinntekter er på 250 millionar kroner og er auka med 30 millionar kroner eller 13,7 prosent i forhold til 1. kvartal i fjor.

– Rentebilete endra seg mykje mot slutten av kvartalet, som følgje av koronapandemien, uro i finansmarknaden og Noregs Bank sine endringar i styringsrenta. Desse endringane kom så seint at det i liten grad påverka rentenettoen i 1. kvartal, men det vil påverka utviklinga og banken sine innlånskostnadar vidare i år, fortel Teigene.


HOVUDLINJER PR. 1. KVARTAL 2020

(Tal frå 2019 i parentes)

Netto renteinntekter 250 mill. kr (220 mill. kr)

• Resultat finansielle instrument -49 mill. kr

(30 mill. kr)

• Driftskostnader 124 mill. kr (122 mill. kr)

• Tap på utlån 80 mill. kr (1 mill. kr)

• Totalresultat 12 mill. kr (126 mill. kr)

• Eigenkapitalavkastning 0,9 % (10,8 % p.a.)

• Kapitaldekningsprosent 19,00 % (18,18 %)

Artikkeltags