Fastrentene som gjeld frå 1. mai 2021 er:

  • 3 år: 1,756 prosent (opp med 0,187 prosentpoeng)
  • 5 år: 2,070 prosent (opp med 0,295 prosentpoeng)
  • 10 år: 2,511 prosent (opp med 0,441 prosentpoeng)

– Fastrentene som gjald frå 1. januar i år var dei lågaste i Lånekassen si historie. No ser me at fastrentene har auka, seier kommunikasjonsdirektør Anette Bjerke i Lånekassen i ei pressemelding.

Stig nok ein gong

Det var ei lita auke i fastrentene frå 1. mars i år, og no går dei ytterlegare opp.

– Fastrentene er framleis låge samanlikna med for eit par år sidan, men aukar no altså slik at både bindingstider på fem år og 10 år passerer to prosent igjen, seier Bjerke.

Rundt 9 av 10 som betalar ned på studielånet sitt, har flytande rente. 680. 000 kundar har flytande rente, medan 45.500 kundar har fastrente.