Neste steg mot toppen på 3 prosent kjem allereie i august, varslar sentralbanken torsdag.

– Slik vi no vurderer utsiktene og risikobiletet, vil styringsrenta mest sannsynleg bli sett vidare opp til 1,5 prosent i august, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache.

Ho viser til at det er høg aktivitet og lite ledig kapasitet i norsk økonomi. Arbeidsløysa har falle meir enn venta og er på eit svært lågt nivå, og i tillegg er inflasjonen klart over målet.

Den underliggjande prisveksten har teke seg raskt opp og vore høgare anslått, og med stigande lønsvekst og høgare prisvekst på importvarer trur banken at det er utsikter til at inflasjonen blir liggjande over målet ei god stund.

Inflasjonen var oppe i 5,7 prosent i mai samanlikna med same tid i fjor, medan kjerneinflasjonen låg på 3,4 prosent.

– Framleis lågt nivå

Noregs Bank understrekar at renta framleis er på eit lågt nivå, og at pengepolitikken framleis er ekspansiv.

– Utsikter til meir varig høg prisvekst tilseier ein raskare renteoppgang enn tidlegare anslått. Ein raskare renteoppgang no vil redusere risikoen for at inflasjonen held seg høg og for at det blir behov for ei kraftigare innstramming i pengepolitikken lenger fram, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache.

Prognosen for styringsrenta ligg høgare enn i førre pengepolitiske rapport og inneber at renta aukar til rundt 3 prosent fram mot sommaren neste år.

Dersom inflasjonen og kapasitetsutnyttinga minkar raskare enn anslått, kan renta bli sett mindre opp, understrekar sentralbanken.

Ekspert overraska

Det var venta på førehand at Noregs Bank skulle setje opp renta etter at ho vart halde uendra på 0,75 prosent i mai.

Fleire hadde spådd at han skulle opp 0,5 prosentpoeng, men DNB venta at Noregs Bank ville halde igjen og auke med berre 0,25 prosentpoeng i første omgang. Enkelte økonomar hadde teke til orde for eit «amerikansk rentesjokk» der banken sette opp renta med 0,75 prosentpoeng.

Sjeføkonom Harald Magnus Andreassen i Sparebank 1 Markets omtaler avgjerda som «meir aggressiv enn vi trudde».

– Ikkje veldig overraskande, men dette var ikkje prisa inn fullt ut på nokon måte, seier han til E24.