Renate hamna midt i kaoset i Sogndalsdalen: – Det er nullføre og glatt

    Vegen har opna for fri ferdsel etter at fleire trailerar fekk fått trøbbel på glatta.

    DEL

    Tysdag morgon fekk politiet melding om eit trafikkuhell i Sogndalsdalen.

    Sklei inn i kvarandre

    Ein patrulje blei sendt mot staden og det viste seg at vogntoga stod fast like ved Hodlekve. Vogntoga hadde også sklidd inn i kvarandre. Det blir melde om mindre materielle skadar og ingen personskadar.

    På grunn av mykje snø og is i vegbana var det fleire vogntog og andre køyretøy som fekk problem i området. Politiet kunne melda om fleire køyretøy som stod fast på strekninga mellom Sogndal og Furudalstunnelen.

    Vegtrafikksentralen blei varsla og dei har sendt fleire strø- og brøytebilar til staden.

    Klokka 12.30 meldte politipatruljen at heile strekninga var rydda for fastkøyrte køyretøy og at vegen er opna for fri ferdsel.

    Klokka 12.30 meldte politipatruljen at heile strekninga var rydda for fastkøyrte køyretøy og at vegen er opna for fri ferdsel.

    Klokka 12.30 meldte politipatruljen at heile strekninga var rydda for fastkøyrte køyretøy og at vegen er opna for fri ferdsel. Foto:

    Hamna midt i kaoset

    Renate Ugulen frå Hafslo hamna midt oppi kaoset i Sogndaldalen i morgontimane tysdag. Ho kunne melda om at køen på vegstrekkja hadde hopa seg opp.

    – Her er det nullføre og glatt, seier Ugulen, som sjølv er yrkessjåfør.

    – Eg har fått på kjetting. Det var ein stopp i ein bakke der eg var ute og kjente etter. Eg oppfatta det som glatt, og har ingen planar om å koma i lokalavisa fordi eg står fast.

    – Må vera skodd

    – Me forstod det slik at trailerane fekk problem på grunn av glatt føre. Det er mykje snø som har kome i dette området og ein må vera skodd for vinteren, seier Hanne Norheim på vegtrafikksentralen.

    Artikkeltags