Rekordstor skrivekløe på nynorsk

REDAKSJONEN: Svein Olav B. Langåker, Christian Wiik Gjerde, Bente Kjøllesdal, Ingvild Eide Leirfall og Andrea Rygg Nøttveit i Framtida.no og Framtida Junior før det blei heimekontor på alle.

REDAKSJONEN: Svein Olav B. Langåker, Christian Wiik Gjerde, Bente Kjøllesdal, Ingvild Eide Leirfall og Andrea Rygg Nøttveit i Framtida.no og Framtida Junior før det blei heimekontor på alle. Foto:

Digital skule har gitt eit løft for nynorske aviser.

DEL

Dei nynorske avisene Framtida.no og Framtida Junior opplever ein stor auke i talet brukarar – og over 1000 barn og unge har bidratt i nye skrivekonkurransar.

Nyhende- og debattavisa for ungdom, Framtida.no, har auka trafikken frå skular med kring 60 prosent sidan skulane gjekk over til å bli digital heimeskule. Over 125.000 brukarar har vore innom nettstaden sidan 13. mars, skriv Framtida.no i ei pressemelding.

Bidrag frå heile landet

450 ungdommar frå heile landet har sendt inn bidrag til skrivekonkurransen til Framtida.no og Magasinett. Det er ny rekord.

– Samstundes som talet på bidrag er rekordstort, så har òg kvaliteten på bidraga auka. Det er jamt over veldig mange gode tekstar med godt språk og god formidlingsevne. Det var vore veldig kjekt å lesa! seier Framtida.no-redaktør Svein Olav B. Langåker.

Temaet for skrivekonkurransen var «Kor er du frå?». Aleš Bara Strnad (19) frå Fredrikstad vann med teksten «Usynleg utlending» der han skriv om korleis det er å koma frå både i Noreg og Tsjekkia.

Rekordmange barn

Nettavisa til Framtida Junior har hatt ei dobling i trafikken sidan skulane stengde, og papiravisa har òg fått fleire nye abonnentar.Saman med Foreningen Les arrangerte Framtida Junior ein skrivekonkurranse der barn fekk senda inn biografiar – og fekk inn kring 600 bidrag.

– Det er ny rekord! Og veldig gledeleg at så mange sender inn bidrag! seier redaktør Langåker.

Vinnaren av skrivekonkurransen er Lucas Persche-Maudal (12) frå Forsand. Han skreiv om sin favorittkarakter frå En pingles dagbok: Greg Heffley.

50 elevar har også kome med bidrag i ein skrivekonkurranse om korleis det er å ha heimeskule. Dani-Aron Østhus Pedersen (12) frå Eikefjord vann denne.

No inviterer Framtida Junior barn over heile landet til å skriva 17. mai-talar i ein ny skrivekonkurranse. Landssamanslutninga av nynorskkommunar står bak drifta av Framtida.no og samarbeidet med Hallingdølen, Hordaland, Os og Fusaposten, Sogn Avis og Sunnhordland om Framtida Junior.

Artikkeltags