Gå til sidens hovedinnhold

Rekordmange koronasmitta siste døgn

7.921 nye koronasmitta registrerte siste døgn – det høgaste talet på hittil.

Det siste døgnet er det registrert 7.921 koronasmitta i Noreg. Det er 3.219 fleire enn same dag førre veke, og 2.688 fleire enn førre døgn.

Talet på smittetilfelle er det høgaste som er registrert på eit døgn hittil i pandemien. Den førre smittetoppen var 14. desember, med 6.003 smitta.

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 4.240 koronasmitta per dag. Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 3.360, så trenden er stigande.

Omikron dominerer

Det er omikronvarianten som no dominerer i Noreg. I veke 52 utgjorde omikron 65,4 prosent av alle smittetilfella som vart screena eller sekvenserte.

– Vi har venta at smitten vil auke no, hovudsakleg på grunn av omikron. No er vi spente på utviklinga dei neste vekene, seier assisterande helsedirektør Espen Nakstad til VG.

Det er venta ein smitteauke no i januar, ikkje minst fordi færre testa seg dei to siste vekene i desember, og ein no er tilbake i kvardagen med meir testing, ikkje minst på skulane.

Færre på sjukehus

Tysdag var 304 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var 21 færre enn dagen før.

95 av pasientane ligg på intensivavdeling, og av dei får 68 respiratorbehandling. Det er 13 færre på intensiv og seks færre på respirator samanlikna med dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.

I alt har 412.472 personar no testa positivt for korona i Noreg, ifølgje Folkehelseinstituttet.

Til saman er 1.307 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal.

Kommentarer til denne saken