Rekordmange har fått læreplass - men det er utfordringar

Publisert 07.09.2019 kl. 09.22.

Aldri har så få stått utan læreplass i september. Likevel er det utfordringar i helsearbeidar- og elektrikarfaget.


«43 søkjarar med ungdomsrett står no utan læreplass, noko som er rekordlågt samanlikna med tidlegare år. Det har blitt lagt ned ein stor og viktig jobb av bedriftene, opplæringskontora og dei vidaregåande skulane», skriv fylkeskommunen på heimesida.


Av dei som no står utan læreplass, er 24 innanfor helsearbeidarfaget og 10 i elektrikarfaget. Av vaksne søkjarar, manglar 28 læreplass. 17 av desse er innanfor helsefaga. Søkjarar utan læreplass i elektrokarfaget, har fått tilbod om skuleplass på vg3, men hadde læreplass som førsteval.


- Sjølv om dette er gode tal, har både me og potensielle lærebedrifter framleis ein jobb å gjera. I fjor var Sogn og Fjordane nest best på formidling av elevar til opplæring i bedrift. Me håpar å halda fram trenden i år, og jobbar for at endå fleire skal få seg ein læreplass, seier assisterande fylkesdirektør for opplæring, Tor-Einar Holvik Skinlo.