– Me forventa noko lågare fangst etter skjerpa reguleringar i fjor, men tidenes dårlegaste lakseår uroar oss, seier miljødirektør Ellen Hambro i ei pressemelding.

Statistisk sentralbyrå (SSB) publiserte fredag den nasjonale statistikken for fangst av laks, sjøørret og sjørøye i elv.

Den viser at me ikkje har hatt mindre fangst i elv sidan 1956, og den gang ble det kun rapportert frå ein tredel av elvane som rapporterer i dag. Det blei i 2021 fanga 289 tonn laks i elv, mot eit snitt på 427 tonn de fem føregåande åra. Legg ein dette saman med tala for laksefiske i sjø, som i 2021 var 98 tonn med fastståande reiskap og 0,2 tonn med stong og handsnøre, er resultatet tidenes dårlegaste lakseår i Noreg, skriv Miljødirektoratet i pressemeldinga.

Miljødirektoratet gjorde innstrammingar på fisket i sjø og elv i 2021.

Hambro meiner den store nedgangen ikkje berre kan forklarast med reviderte fiskebestemmelsar eller dårlege fiskeforhold, men også at også at færre laks enn tidlegare har overlevd opphaldet i havet og kjem tilbake til elva.

– Me må no avventa statusrapport frå Vitenskapelig råd for lakseforvaltning før me kan seia meir sikkert om det var nok laks i elvane hausten 2021 til å sikra god reproduksjon, seier Hambro.