UTLADALEN: Skigåarar i Utladalen i Årdal kommune, ein del av Jotunheimen Nasjonalpark.

Rekordbesøk til Jotunheimen

Rekordmange har teke turen til Jotunheimen så langt i påska.

Publisert 16.04.2019 kl. 07.45. Oppdatert kl. 08.37.

Ifylgje Den norske turistforeining (DNT) er det ei auke på 27 prosent i besøkande samanlikna med i fjor. Dette gjer Jotunheimen til det området med mest oppgang så langt blant dei betjente hyttene til DNT.


- Trass for at påsken i fjor var tre veker tidlegare enn i år og uvanleg snø- og solrik, har endå fleire funne egen til fjellet i palmehelga i år, seier generalsekretær i DNT, Dag Terje Klarp Solvang.


Det er gode forhold for skiturar i dei fleste høgfjellsområda. Og jo høgre til fjells ein er, jo betre snøforhold er det.


- Det er tydeleg at folk vil utnytta siste rest av vinteren og få med seg ein av dei beste månadane i året for skiturar, seier Klarp Solvang.


Det kan vere hardt føre om morgonen, men sola mjuknar snøen opp utover dagen.


Glitterheim er DNT-hytta som har auka mest i talet på besøkande. Den har hatt nesten dobbelt så mange besøkande denne palmehelga, samanlikna med i fjor.


Siste saker Gå til framsida