Gå til sidens hovedinnhold

Reiselivet om gjenopningsplanen: – Gode nyheiter for sommaren

Reiselivet førebur seg på opning for feriar både i Noreg og utanlands til sommaren. Men dei skulle gjerne hatt meir konkret informasjon frå statsministeren.

– Basert på prognosane til regjeringa tyder mykje no på at vi kan reise på ferie både i Noreg og til utlandet i skuleferien. Når det er sagt, hadde vi ønskt oss konkrete datoar. Det verkar litt underleg at regjeringa ikkje vil setje ein dato når dei samtidig kan seie at trinn to kjem i siste del av mai, og trinn tre kjem tre veker etter. At folk skal måtte regne seg fram til dette sjølv er unødvendig, seier leiar Astrid Bergmål i Virke Reiseliv etter at regjeringa la fram gjenopningsplanen sin.

Ho synest det er positivt at regjeringa no jobbar med å lage eit koronasertifikat, som viser at ein har vaksinert seg eller hatt covid-19.

– Vi ser samtidig at det er behov for ein meir detaljert plan på bransjenivå for å få på plass rammar som gjer at alt ligg til rette for at ein kan komme raskt i gang når Europa blir opp opna. Vi vil ta kontakt med regjeringa om dette innan kort tid, seier Bergmål.

Dei ønskjer òg eigne smittevernråd for regionar i land i Europa, ikkje berre for landa samla sett.

– Ta til dømes Tyskland, som er ein svært viktig marknad for Noreg. Dersom vi held fram med å gjere vurderingar på landsnivå, risikerer vi at alle gjester frå Tyskland må avlyse noregsferien sin om det kjem eit utbrot i ein del av landet. Det er ikkje formålstenleg og vil få store konsekvensar for hotell og opplevingsbedrifter landet over.

– Det betyr òg at nordmenn som har bestilt ei reise til Spania, må avlyse turen til Mallorca om det kjem eit utbrot i Madrid. Det er det ingen grunn til, seier Bergmål.

Regjeringas råd om å unngå unødvendige reiser til utlandet varer førebels til 15. mai. Men statsministeren seier det truleg vil bli forlengt til ut juni.

– Tilrådinga vår kjem nok til å vare til ut juni fordi dei fleste stader framleis vil slite med at dei ikkje har komme så langt i kampen mot pandemien, seier statsminister Erna Solberg (H).

Statsministeren seier at det ikkje er lurt å planleggje for utanlandsreiser i juni.

Kommentarer til denne saken