Alle over 18 skal få tilbod om ein tredje vaksinedose, ein såkalla oppfriskingsdose, opplyser regjeringa.

Opplysninga kom på pressekonferansen til regjeringa om koronasituasjonen.

Folkehelseinstituttet (FHI) har planane klare for å gi ein tredje vaksinedose til alle mellom 18 og 64 år, men har så langt venta på ei avgjerd frå regjeringa.

Kommunane er allereie godt i gang med å tilby alle over 65 år ein tredje vaksinedose mot covid-19. No står helsepersonell for tur.