Gå til sidens hovedinnhold

Regjeringa vil stanse seriespel i toppidretten i to veker: – På tide med ein pause

Regjeringa vil ha stans i alt av seriespel i toppidretten dei to neste vekene. Barn og unge under 20 år kan igjen trene som normalt.

Det opplyste statsminister Erna Solberg (H) i Stortinget måndag.

– Norges idrettsforbund blir bedne om å koordinere dette med særforbunda, sa statsministeren.

Saman med helseminister Bent Høie (H) utdjupa ho tilrådinga på ein pressekonferanse måndag ettermiddag.

– Vi ser jo at ishockeyligaen har suspendert aktivitet nettopp på grunn av smittesituasjonen. Vi har prioritert toppidretten lenge, og no er det på tide at dei tek 14 dagars pause. Dei klarer jo ikkje å halde det smittefritt, der heller, sa Solberg.

Ønska avgrensing

I tillegg til tilrådinga om stans har FHI og Helsedirektoratet tilrådd at talet på idrettsutøvarar som er omfatta av unntaksregelen, blir avgrensa.

– Vi har ønskt å opne opp litt meir for idrettsaktivitet for barn og unge, og samtidig opplever vi at toppidrettsomgrepet har omfatta veldig mange i Noreg. Så då gjer ein ei avgrensing der, seier Høie.

– Vi brukte Kulturdepartementets kompetanse på kva som er den mest formålstenlege avgrensinga. Og då kom vi fram til at seriespel var den beste måten å avgrense dette på, for å ta ned aktiviteten i toppidretten, legg helseministeren til.

Høie seier vidare at dette er gjort for å avgrense summen av reiseaktivitet og aktivitet med unntak frå éinmetersregelen den kommande perioden.

Opnar for barna

For vaksne blir tilrådinga vidareført om ikkje å drive organisert aktivitet innandørs. Utandørs kan vaksne trene dersom det er mogleg å halde god avstand.

Nytt i Solbergs forklaring i Stortinget var at barn og unge under 20 år kan trene og delta i fritidsaktivitetar som normalt, ute og inne. Dei kan òg bli unnatekne tilrådinga om éin meters avstand når det er nødvendig. Men kampar, cupar, stemne og liknande må framleis utsetjast.

– Vi gjer nokre endringar for å gjere kvardagen for barn og unge litt meir normal, seier statsministeren.

NTB har vore i kontakt med Norges idrettsforbund, som ikkje ønskte å uttale seg før pressekonferansen til regjeringa klokka 14.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken