Regjeringa vidarefører koronatiltak

Regjeringa presenterte tiltaka på ein pressekonferanse tysdag.

DEL

Regjeringa vidarefører alle koronatiltaka til 13. april for å slå ned epidemien så godt som mogleg.

– Me trur at dette hjelper, men me bur oss på at me ikkje kjem til å lukkast 100 prosent, sa helseminister Bent Høie på tysdagens pressekonferanse.

Dette betyr at alle stengingar som vart innført 12. mars, som stenging av skular og barnehagar, held fram. Hytteforbodet held også fram.

Vil redusera smittetalet

Reglane for karantene og isolasjon blir oppretthalde, og regjeringa oppmodar til heimekontor og mindre kollektivtrafikk.

No blir det også oppmoda om å ikkje gå ute i grupper på meir enn 5 personar, noko som ikkje gjeld familie og folk i same husstand.

Regjeringa oppmodar også om at folk held minst 2 meters avstand innandørs og på arbeidsplassen.

Helsepersonell får framleis ikkje reisa til utlandet, og det gjeld ut april 2020. Forbod mot kultur- og idrettsarrangement blir også vidareført.

Statsminister Erna Solberg gjorde det klart at kampen mot viruset held fram, og målet er å få ned smittetalet slik at ein bremsar epidemien ned. Det gir helsevesenet tid til å rusta seg, skaffa utstyr og personell til å handtera dei mange som treng behandling.

Folkehelseinstituttet (FHI) reknar med at ved oppstarten av epidemien var det slik at kvar person med koronasmitte, smitta i gjennomsnitt 2,4 andre personar. Ei slik utvikling ville gitt rask stigande kurve på epidemien. Målet er få dette smittetalet ned til 1 eller under 1.

Med eit smittetal på 1 vil det etter FHI sine utrekningar per 6. april vera rundt 370 personar på sjukehus og cirka 90 på intensivavdeling.

Må unngå belastning

Mange i Noreg ønskjer nok å reisa på hytta i påsken, men statsministeren var klar på forbodet står, og er begrunna i kapasiteten til kommunane med mange fritidseigedomar til å handtera sjukdom. I påsken meiner statsministeren at hjelpeapparat i desse kommunane ikkje skal bli belasta med ulukker og akutt sjukdom i fjellet meir enn naudsynt.

Til dei som gjerne vil på hytta, hadde statsministeren følgjande oppmoding:

– Kjøp nokre gode spel, lat som de er på hytta, men bli heime.

Regjeringa meiner det er for tidleg å konkludera om tiltaka verkar mot epidemien, og treng meir tid. Når ny kunnskap om verknaden kjem, vil styresmaktene vurdera oppmjuking og kva som blir strategien vidare.

Statsminister Erna Solberg og helse- og omsorgsminister Bent Høie orienterer om det vidare arbeidet med å handtera koronavirusutbrotet i Noreg, og konsekvensane av det.

Artikkeltags