Gå til sidens hovedinnhold

Regjeringa ventar med gjenopninga – hoppar seinare over trinn fire

Regjeringa utset vidare gjenopning fram til delen fullvaksinerte er vesentleg høgare enn i dag. Då vil ein gå rett til normaltilstand.

– Sjølv om vi no blir ståande på trinn 3, er vi på veg til ein normal kvardag med auka beredskap. Når vi kjem dit, og vi har fått betre kontroll over situasjonen i skulane, er vurderinga at vi kan gå rett dit. Omsett: det blir ikkje noko trinn 4, seier statsminister Erna Solberg (H) på ein pressekonferanse torsdag.

Dermed blir vidare gjenopning utsett endå ein gong, men gjenopninga blir til gjengjeld utvida når den kjem.

– Ytterlegare opning no gir risiko for meir smitte. Den risikoen vil vi ikkje ta når det er så kort tid igjen til alle vaksne har fått moglegheit til å verne seg med vaksinar. Derfor blir vi ståande på trinn 3 i gjenopningsplanen til fleire blir fullvaksinert, og vi kan gå over til ein normal kvardag med auka beredskap, seier Solberg.

I tilrådinga til regjeringa, som Helsedirektoratet leverte onsdag denne veka, står det at gjennomføring av trinn fire på noverande tidspunkt truleg vil medføre auka smittespreiing.

Helsedirektoratet skriv at den overordna målsetjinga no er å avgrense smittespreiinga og halde sjukdomsbyrda låg inntil 90 prosent av befolkninga som er 18 år og eldre, er vaksinert med to dosar.

– Det er ein ambisjon at dette er gjennomført innan fire til seks veker, skriv dei.

Onsdag var 71,9 prosent av befolkninga over 18 år fullvaksinert.

Trinn 4, som no altså blir fjerna frå planane, innebar mellom anna at tilrådinga om eit maksimalt tal gjester i heimen skulle opphevast, og at innsleppsstoppen ved midnatt og krav om bordservering på skjenkestader skulle fjernast.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken