Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol ber kommunane sørga for at alle over 65 år får tilbod om oppfriskingsdose med koronavaksine før jul. Det gir fornya vern mot alvorleg sjukdom og kan hindra at presset på sjukehusa blir for stort.

– Vaksinene gir godt vern mot smitte og sjukdom, men effekten avtek over tid. Det gjeld spesielt dei eldste. Difor er det veldig viktig at dei får den tredje dosen så fort som mogleg, seier Kjerkol i ei pressemelding.

Mange av dei som er innlagde på sjukehus no, er eldre personar som blei vaksinert på seinvinteren.

Kommunane må også sørga for at sekstenåringane og syttenåringane no får sin andre vaksinedose. Det vil vera med på å avgrensa smittespreiinga i denne aldersgruppa.

– Men det er ikkje berre kommunane som har ein jobb å gjera no. Det har me alle. For mange av oss let vera å følgja rådet om å vera heime når me er sjuke. Difor spreier både koronaviruset og andre virus seg raskt i befolkninga no. Det fører til stadig fleire smitta, stadig fleire sjuke og eit stadig større press på helsetenesta, påpeiker helse- og omsorgsministeren.