Gå til sidens hovedinnhold

Regjeringa opnar for bruk av munnbind på vidaregåande skular

Ein ny smittevernrettleiar for vidaregåande skular opnar for at skuleeigar og lokale helsestyresmakter kan vurdere bruk av munnbind utanfor undervisning.

Tiltaket skal vere eit ekstra smitteverntiltak for elevar og tilsette, opplyser Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.

Fram til no har det vore ein felles smittevernrettleiar for ungdomsskulen og vidaregåande, men no har sistnemnde fått ein eigen rettleiar.

Folkehelseinstituttet, Helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet har forma ut rettleiaren.

Kommentarer til denne saken