Regjeringa legg fram plan for gjenopning i ettermiddag

PRESSEKONFERANSE: Statsminister Erna Solberg (H) skal saman med fem statsrådar legga fram planen for korleis Noreg skal gjenopnast etter koronatiltaka.

PRESSEKONFERANSE: Statsminister Erna Solberg (H) skal saman med fem statsrådar legga fram planen for korleis Noreg skal gjenopnast etter koronatiltaka. Foto:

Av

Klokka 18 torsdag legg regjeringa fram planen for korleis samfunnet gradvis skal gjenopnast.

DEL

Statsminister Erna Solberg har med seg fem statsrådar når ho skal legga fram planen. Både helseminister Bent Høie (H), kunnskapsminister Guri Melby (V), barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF), forskings- og høyere utdanningsminister Henrik Asheim og kulturminister Abid Raja (V) deltek.

Regjeringa har holdt daglege pressekonferansar klokka 16 om koronasituasjonen dei siste vekene. Torsdag blir pressekonferansen helden to timar seinare, klokka 18, etter ein regjeringskonferanse.

Det er venta at tidspunkt for skuleopning for dei eldste elevane og nye avklaringar for idretten skal presenterast.

To bolker

Lettingar i tiltaka vil komma i to hovudbolkar, får NTB opplyst. Det betyr at ein bolk med lettingar vil komma om kort tid, noko som kan bety skuleopning for elevar fra 5. til 10. klasse over helga.

Samstundes vil regjeringa venta til ut i juni med den andre hovudbolken, etter det NTB forstår.

– Me har jobba med å skapa føreseielegheit. Nokre endringar skjer raskt, men for andre tiltak er det greit å få ein dato å forholda seg til, sa Erna Solberg til NTB onsdag.

Solberg orienterte onsdag koronakomiteen på Stortinget om arbeidet i regjeringa, som tek sjølve avgjerda torsdag.

17. mai, idrett og trening

Dette er noko av det som er venta at vil bli lagt fram på ettermiddagens pressekonferanse:

* Ny info om kva som skjer med elevane i 5. til 10. klasse og vidaregåande skular, som framleis er heime frå skulen.

* Nye råd for kor mange som kan samlast heime og i parken. I dag er rådet maks fem personar.

* Avklaringar rundt 17. mai-feiringa.

* Avklaring om toppfotballen, barnefotball og annan kontaktidrett.

* Avklaringar rundt mogleg opning av fornøyelsesparkar.

* Plan for opning av treningssenter.

* Avgjerd om utreiseforbodet for helsepersonell.

(©NTB)

Artikkeltags