– Alle born og unge har rett til eit trygt og godt skulemiljø utan mobbing, seier kunnskapsminister Tonje Brenna i ei pressemelding frå Arbeidarpartiet.

I pressemeldinga kjem det fram at Statsforvaltarane har meldt om ei auke i tal elevar som ikkje har det godt og skulemiljøsaker som blir meldt inn.

– Dette uroar meg, og er ikkje noko me kan akseptera, seier Brenna.

Tre tiltak

Regjeringa gjer difor grep og går inn med 35 millionar kroner til ei såkalla kraftpakke som skal bidra til å betra skulemiljøet. Kraftpakken inneheld tre konkrete tiltak:

  • Tilskot til lokale beredskapsteam i kommunane
  • Styrking av læringsmiljøprosjektet
  • Grep for å få ned køane og betra rettleiinga til Statsforvaltarane

Kommunane skal styrkjast med beredskapsteam

I pressemeldinga heiter det at 15 av dei 35 millionane skal setjast av til lokale og regionale ressursar som skal gje raskare og betre støtte til skulane, med dedikerte ressurspersonar.

Det skal ifølgje kunnskapsministeren vera eit lågterskeltilbod som handlar om å styrkja kompetansen og støtta til skular med skulemiljøutfordringar.

– Me rullar no ut ei ordning med beredskapsteam som skal vera tett på skulane, og sikra raskare og betre innsats der skulemiljøet ikkje er trygt og godt, seier Brenna.

Påskundar hjelp til 35 skular

10 millionar skal gå til å utvida Læringsmiljøprosjektet, eit tilbod til barnehagar, skular og kommunar som har slite lenge med dårleg skulemiljø, og som har behov for direkte støtte og rettleiing utanfrå.

– Læringsmiljøprosjektet har hausta veldig gode resultat. Skular som har delteke i prosjektet har gått frå å vera over snittet til under snittet i mobbeandel, og endringane har blitt varige. Difor vil me starta opp med nye kommunar allereie i 2024. Det hastar å gjera noko der det står dårlegast til, seier kunnskapsministeren.

Statsforvaltarane skal gje betre rettleiing

Brenna meiner køen av skulemiljøsaker må ned, og at Statsforvaltaren sitt førebyggjande arbeid må styrkjast. Dei resterande 10 millionane skal gå til dette føremålet.

Målet er at skulane og kommunane skal få betre støtte og rettleiing til å utvikla trygge skulemiljø.

– Statsforvaltarane har nyleg meldt om ei auke i tal skulemiljøsaker. Det er urovekkjande at ikkje fleire av desse sakene finn si løysing raskt på skulen, og det er noko me vil følgja opp vidare, seier Brenna.