Gruppeleiar Jeanette Syversen i Raudt møter i finansutvalet med talerett.- Det er tydeleg at samanslåingsreforma er i ferd med å bli ei systematisk nedbyggingsreform for vestlandsregionen og ei forlenging av nedbygginga av velferda i heile landet, seier Syversen.

Opprivande

Syversen seier det er opprivande å sjå alle kutta som er føreslegne.- Regjeringa har ført heile befolkninga bak lyset, og underfinansierte kommunar og fylkeskommunar. Budsjettsituasjonen i nye Vestland er eit bevis på at reforma vil rasera velferda ytterlegare. Dei vil kutta i skule, tannhelse, kollektivtilbod og prioriterer ikkje vegsikkerheit og rassikring.

490 millionar

Kutta som er føreslegne for heile neste periode er på totalt 490 millionar. For 2020 er det snakk om 100 millionar, der 36 av desse er føreslegne som ostehøvelkutt i utdanningssektoren. Syversen meinte dei heller kunne kutta litt i politikarlønene for å betra på situasjonen.- Det er for oss i Raudt ikkje overraskande, men likevel veldig illustrerande, at fleirtalet i finansutvalet samstundes er totalt uinteressert i å diskutera eit tak på eigne politikargodtgjersler. Med eit tak på politikargodtgjersler på 8G, kunne me ha spart inn 12 millionar kroner over fire år berre der. I tillegg har me føreslege å skrinleggja fylkesbygget som for 2020 har ei kostnadsramme på svimlande 1,1 milliardar. Me ser frå dei føreslegne salderingspostane med til dømes ei auke i billettprisane på 2,5 prosent at det som vanleg er dei svakast stilte som skal bera børa, for denne stormannsgalne reforma, seier Syversen.

Baklengs

Syversen meiner at dei med desse kutta vil gå baklengs inn i ei framtid der globalisering og det grøne skiftet er sentrale.- Storting og regjering må forstå at ein heller må droppe ferjefritt E39, slik at me kan fristilla sårt tiltrengte midlar til investeringar av elektrifiseringa av ferjeflåten samt oppgradering og rassikring av alt eksisterande vegnett og bane.

Ein hån

Syversen meiner Fylkessamanslåinga er ein hån mot befolkninga, som er «ført bak lyset av eit arrogant Storting».- Nedskjeringane støttar ikkje opp under intensjonsavtalen mellom fylka. Overføring av til dømes nye oppgåver treng finansiering. Den katastrofale såkalla ABE-reforma, som er regjeringa sitt effektiviseringsprosjekt, inneber konsekvent underfinansiering av offentleg sektor. Me ser effekten av galskapen i dette budsjettet, seier Syversen, som er klar på at Raudt meiner reforma må reverserast.