Regjeringa gir grønt lys for kontakttrening i barne- og ungdomsidretten

Av

Barn og ungdom kan frå 1. juni starta trening med fysisk kontakt, har regjeringa bestemt.

DEL

Dette gjeld trening i alle idrettar, og det blir opna for all barne- og ungdomsidrett til og med det året ein fyller 19 år for trening, men ikkje for ordinære seriekampar og arrangement. Det blir tillate å arrangera treningskampar.

Frå 1. juni innfører regjeringa tiltaksnivå for organisert trening på same måte som for skular og barnehagar. Tiltaksnivåa verkar som eit trafikklys og går frå raudt, via gult til grønt, kjem det fram av ei pressemelding frå Kulturdepartementet.

– Me veit kor viktig idretten er som fellesskapsbyggjar, som sosial arena og møteplass. Derfor er det ekstremt viktig – både for idretten og for samfunnet – at me no kjem i gang med treningsaktivitet for barn og unge, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.

Nivået på tiltaka blir bestemte av mellom anna smittesituasjonen i samfunnet og kapasiteten til helsevesenet. Per mai 2020 gjeld eit gult tiltaksnivå nasjonalt. Innføringa av ein fargeskala for tiltak skaper tydelegare linjer mellom det som gjeld for skule og barnehage og for det som skjer på fritida, og det vil gjera det lettare å forstå og følgja gjeldande retningslinjer.

Frå 1. juni vil òg symjehallane opna for symjeopplæring og organisert symjetrening. Det betyr at det er tillate med organisert symjing når aktiviteten blir gjennomført i tråd med smittevernreglar. Helsestyresmaktene vil koma med eigne tilrådingar for symjehallane.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken