Redusert framkomst grunna steinras- vegen blir nattestengt

Torsdag ettermiddag rasa det mellom Arnafjorden og Vik.

DEL

Statens vegvesen opplyser at hendinga vart meldt like før klokka 17.

Steinblokka og fleire mindre steinar har falle ned på vegbana rundt 1 kilometer frå Vik sentrum.

Entreprenør er på veg for å ta ei vurdering av situasjonen. Vegen har redusert framkomst og var stengt då steinblokka blei fjerna.

Ved 18-tida opplyser Statens vegvesen at oppryddingsarbeidet pågår. Vegen blir nattestengt klokka 21.00. Ny vurdering blir gjort av geolog innan klokka 09.00 fredag.

Artikkeltags