Redusert arbeidsløyse i Noreg: – Vestland bidreg med nesten 40 prosent

Den sterke utviklinga på arbeidsmarknaden held fram.

DEL

Arbeidsløysa går ned i Vestland. Ved utgangen av februar var ho på 2,2 prosent eller 7.324 personar, noko som representerer ein nedgang på 13 prosent eller 1.098 personar frå same månad i fjor, melder NAV Vestland i ei pressemelding.

I Vestland er arbeidsløysa no på 2,2 prosent av arbeidsstyrken, medan ho er på 2,3 prosent i landet sett under eitt.

I alle regionar

– Nedgangen på 1.098 personar i høve til i fjor er størst i bruttotal mellom fylka i landet, faktisk bidreg Vestland med nesten 40 prosent av reduksjonen på landsnivå, fortel Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland.

Det er reduksjon i bruttoarbeidsløysa i alle regionar, men nedgangen er sterkast i Nordfjord, Vest og Sunnhordland.

Sogn og Voss har liten reduksjon, men frå svært låge nivå i utgangspunktet.

– Dette er eit resultat av gode tider både i privat og offentleg sektor med sterk etterspurnad etter arbeidskraft, seier Bogsnes.

Litt større spreiing

– Baksida av medaljen er at mange arbeidsplassar ikkje lèt seg fylla fordi det er stor mangel på arbeidstakarar med etterspurd kompetanse, legg Bogsnes til.

Stillingstilgangen er så langt i år ganske lik med dei same to månadene i fjor, men det er litt større spreiing fordelt på yrkesgrupper i år.

Det er litt mindre utlysingar innan industri, ingeniør og serviceyrke, medan det er fleire innan bygg, helse og barnearbeid.

Dei største stillingskategoriane er helsefagarbeidarar (458 stillingar), sjukepleiarar (421), butikkmedarbeidarar 321) og barnehage- og SFO-assistentar (220), opplyser NAV Vestland.

Artikkeltags