Politiet bistår Hovudredningssentralen i eit redningsoppdrag i Framfjorden. Dei leitar no etter ein turist som reiste ut på fjorden 05:45 i dag tidleg. Vedkomande er ikkje kome att og det er sendt bekymringsmelding til politiet.
– Redningsskøyte og brannbåt er rekvirert frå Leikanger, seier Stine Mjelde frå politiets operasjonssentral.