Politiet har sett i verk ein redningsaksjon i Aurland etter at ein mann fekk problem i samband med ein fjelltur i Svartaberg.

Vest politidistrikt fekk melding klokka 14.42. Røde Kors hjelper til i redningsaksjonen.

Klokka 18.00 var personen framleis ikkje funnen.

Søksområdet vart utvida til området frå Flåm mot Upsete, og helikopter blei sett inn i søket.

Oppdatering: Om lag ein time seinare, klokka 19.00, kom personen i kontakt med politiet. Han ville då prøva å ta seg ned til Flåm saman med andre personar.

Politiet skriv på Twitter at dei følgjer opp med vidare bistand.