Reagerer sterkt på endring i praksis ved skyting av jerv

KLAR MELDING: Aleksander Øren Heen har sendt brev til Klima og miljødepartementet om ny praksis ved felling av jerv.

KLAR MELDING: Aleksander Øren Heen har sendt brev til Klima og miljødepartementet om ny praksis ved felling av jerv. Foto:

Aleksander Øren Heen har skrive brev til departementet.

DEL

– Dette er ei alvorleg sak. Det vert umogleg å sikra beiteprioritet og å koma ned på bestandsmålet dersom dette ikkje vert gjort noko med.

Det seier Aleksander Øren Heen etter at Miljødirektoratet har gått gjennom bruken av bedøving ved ekstraordinære jervuttak etter lisensjakta er over.

Heen er leiar av rovviltnemnda i region 1.

Strengare regelverk

SNO jaktar med jerv med helikopter etter lisensjakta er over.

Då bedøver dei først jerven for å sjekka om den har kvalpar. Dersom den har det får den leva, viss ikkje vert den skoten.

Det vert no varsla endring i denne bedøvingsrutinen. Mellom anna skriv Miljødirektoratet i eit brev til Klima og miljødepartementet at det ikkje vil vera praktisk mogleg å gjennomføra uttak etter 15. februar på ein slik måte og omfang som det har vore gjennomført dei seinare åra, dersom ein veterinær til ei kvar tid må vera fysisk til stades.

– Svært problematisk

Dette får Aleksander Øren Heen til å reagera og han har skrive brev til Klima og miljødepartementet.

"Underteikna har motteke meldingar om at dette er svært problematisk for beitenæringa då ein vanskeleg ser korleis ein kan koma ned på bestandsmåla for jerv, samt at beiteprioriterte område, som heile region 1 er, faktisk er reelt prioritert for beitedyr. Det vil seia utan ynglande jerv og jerv med skadepotensial", heiter det i brevet Heen har sendt.

Forventar offektive tiltak omgåande

Heen reagerer også på tidspunktet vurderinga kjem:

"Det er svært kritikkverdig at ein slik problemstilling dukkar opp rett før perioden for ekstraordinære uttak tek til", skriv Heen.

I brevet blir det understreka at nemnda forventar at departementet forheld seg til stortingsforliket, og set sitt eige utførande organ, miljødirektoratet og SNO, i stand til å gjennomføra bestandsregulerande tiltak på ein effektiv måte omgåande.

Artikkeltags