I MINUS: 112 millionar kroner er underskotet i Årdal på, hovudsakleg på grunn av høge råvareprisar og låge aluminiumsprisar, i følgje pressemeldinga. (Arkivfoto)

Raude tal for Hydro: - Prega av høge og låge prisar

Underskot i Årdal og Høyanger

Publisert 05.06.2019 kl. 11.25. Oppdatert kl. 12.34.

Hydro i Årdal presenterte i dag eit underskot før renter og skatt på 112 millionar kroner i første kvartal. Hydro i Høyanger har eit underskot før renter og skatt på 21 millionar kroner.

Fabrikksjef Wenche Eldegard i Årdal seier det økonomiske resultatet er prega av høge råvareprisar og låg pris på aluminium, men understrekar at verket i Årdal leverer godt på produksjon og drift.

- Trass i varierande kvalitet på alumina over tid, legg me bak oss nok eit kvartal med gode produksjonstal, slår ho fast i ei pressemelding.


Stor etterspurnad

Prisar er også det som gjer at Høyanger går i minus i frste kvartal.

- Men me har eit kvartal bak oss no med godt tryggleiksarbeid, stabil produskjon og god etterspurnad etter valseblokker til bilindustrien, noko som gjer at produksjonen i støyeriet går for fullt, seier fabrikksjef Stian Tangen.

Resultata er betre enn venta, for trass i store tap i kjerneverksemda som omhandlar aluminium, gjer høge straumprisar eit stort overskot.
Det går fram av ei børsmelding som fleire finansmedier har sett på onsdag føremiddag.

Driftsresultatet til Hydro er på 599 millionar kroner i første kvartal, noko som tyder ein auke frå 534 i forrrige kvartal, men likevel ein monaleg nedgang samanlikna med første kvartal i fjor.

Då var resultatet på over 3,1 milliardar kroner. Årsaka til nedgangen er mellom anna låge aluminiumsprisar, høge råvarekostnader og utfordringar knytt til produksjonsavgrensingar med Alunorteanlegget i Brasil.
Likevel er det fleire lyspunkt, så som at høge straumprisar gav energiverksemda i konsernet eit overskot på over ein halv milliard og at det er gjort store framsteg i Brasil.

Etter nesten eitt år med produskjonsrestriksjonar, fekk Hydro i slutten av mai endeleg klarsignal til å ta oppatt full produksjon ved Alunorte-anlegget, som er verdas største aluminaraffineri.

- Eg er veldig glad for at produskjonsavgrensigna ved Alunorte er oppheva, slik at me no kan konsentera oss om å ta oppatt trygg og normal drift ved AlunorteParagominas og Albras, seier Hydro-sjef Hilde Merete Aasheim i ei børsmelding.


Cyber-tap

Det er det første kvartalsresultatet Aasheim legg fram som konsernsjef i Hydro. Tala skulle opphavleg ha vore lagt fram 30.april, men vart utsett på grunn av det omfattade cyberangrepet mot Hydro i mars.

Det vart rekna med at angrepet førte til ekstrakostnader på mellom 400 og 500 millionar i første kvartal.

Rett nok justerer Hydro i følgje Dagens Næringsliv beløpet til mellom 300 og 350 millionar kroner for første kvartal, men seier samstundes at det også vil vera kostnader på bortimot ein kvart milliard i andre kvartal.


Siste saker Gå til framsida