Ras stengjer Flåmsbana

Laurdag gjekk det to ras over Flåmsbana i Aurland kommune. Toglinja blir ikkje opna att før seinast måndag.

DEL

– Flåmsbana vart stengd laurdag på grunn av snøras, seier pressevakt i Bane Nor, Olav Nordli.

– Laurdag var det også, som kjend, ei hending på Bergensbanen, så all innsats vart prioritert der. Flåmsbana vil vera stengd iallfall store delar av måndag. Me vil ha ei prognose på korleis det ligg an i løpet av måndagskvelden. Det er ein del som må rydjast då det er kome mykje snø og tre over bana. Det kan også hende det er skade på køyreleidningen.

Artikkeltags