FLAUM: Slik såg vegen ved Eitrestrondi på fylkesveg 92 mellom Vik og Arnafjord ut søndag. (Foto: Asle Liljedalh)

Ras stengde vegen mellom Vik og Arnafjord - no er vegen open att

Fylkesveg 92 mellom Vik og Arnafjorden opna klokka 09.00 måndag.

Publisert 15.09.2019 kl. 13.17. Oppdatert kl. 10.23.

Men det vil vera redusert framkomst grunna oppryddingsarbeid, melder Vegtrafikksentralen.


Vegen mellom Vik og Arnafjord har vore stengd sidan søndag ettermiddag då det gjekk fleire ras på strekninga.


- Me slepp ikkje inn folk i dag, sa vegvaktar Olav Kåre Rendedal til Sogn Avis søndag.


Den kraftige nedbøren førte til at jord og lausmassar rasa ut i vegen ved Eitrestrondi, på vegen mellom Framfjorden og Indrefjorden, og ved Stølaneset.


- Det er ikkje store skadar på vegen, men lausmassane må fjernast før vegen kan opnast att. Kanskje må me inn med spylebil. Me vil gjera ei ny vurdering måndag klokka 08.00, sa Rendedal søndag.


Måndag klokka 09.00 opna altså vegen att.

FLAUM: Jordmassar stengde vegen mellom Framfjorden og Indrefjord. (Foto: Asle Liljedahl)

Les meir om: Nyhende Vik