Ras på Vikafjellet – vegen vert ikkje opna før etter påske

DEL

Vegtrafikksentralen melde fredag kveld at Rv 13 over Vikafjellet er stengt på grunn av snøras. Raset skal ha gått i Kvassdalen. Det er rasfare i området, og vegen vert derfor ikkje opna att i dag.

– Det er noko uoversiktleg, men raset som kryssar vegen er 50 meter langt, fire-fem meter høgt, seier Kjetil Løvås, trafikkoperatør i Vegtrafikksentralen Vest.

Statens vegvesen melder at dei tek ei ny vurdering tysdag 14. april kl. 14.

Artikkeltags