Ras på fylkesveg 53

Onsdag kveld gjekk det eit mindre steinras utanfor Finnsåstunnelen på fylkesveg 53 ved Årdalstangen.

DEL

Siste: Klokka 19.02 er vegen rydda og opna igjen.

Vegtrafikksentralen melde at raset hadde gått utanfor tunnelen, på sida mot Fodnes.

I fare for at det kunne koma fleire ras vart vegen stengd på strekninga Finnsåstunnelen - Bermåltunnelen til entrepenør hadde gjort undersøkingar.

Like etter klokka 19.00 vart vegen opna igjen.

Onsdag morgon gjekk det steinras mellom Årdalstangen og Fodnes.

Ingen bilar eller personar vart tekne, og vegen opna att etter kort tid.

Artikkeltags