Gå til sidens hovedinnhold

Ras på E16 i Valdres - vegen blir stengd minst eit døgn

Onsdag rasa det ut stein og jord på vestsida av Vangsmjøse.

E16 Øye-Turtnes i Valdres er frå onsdag morgon stengd etter at det rasa to stader ved Vangsmjøse.

I tillegg har ei stikkrenne kollapsa. Tilrådd omkøyring er no riksveg 52 Hemsedalsfjellet.

E16 vil truleg vera stengd minst eit døgn, kanskje lenger, melder Vegtrafikksentralen.

Store mengder jord og stein

– Ifølgje rapportar frå entreprenør er skredet 40-50 meter breitt. Det er store mengder jord- og steinmassar i vegen, og entreprenør reknar med at vegen vil vera stengd minst 24 timar, seier trafikkoperatør Hilde Bjørnstad ved Vegtrafikksentralen Øst, i ei pressemelding.

E16 Valdres er eit sterkt trafikkert knutepunkt mellom Austlandet og Vestlandet.

– Alle som har planlagt å køyra E16 aust-vest eller omvendt, må no køyra over riksveg 52 Hemsedalsfjellet, seier Bjørnstad.

Det er oppretta dialog med geolog, som skal inn i skredområdet på synfaring så raskt som mogleg.

Skredet har gått i området mellom Øye og Grindheim.

Kommentarer til denne saken