Ras og uvêr stengde fjellovergangar

DEL

Søndag morgon var fjellovergangane på fv. Hol-Aurland og fv. 53 Årdal-Tyin framleis stengde.

Vegtrafikksentralen opplyser at dei får mange spørsmål om når fjellovergangane opnar.

Når det gjeld fv. 50 har det gått eit større ras der. Vegen opnar i beste fall seint søndag ettermiddag, og det er uvisst om det blir kolonnekøyring eller opning.

Like etter klokka 15 vart denne fjellovergangen opna for trafikk.

Fv. 53 Årdal-Tyin skulle klokka 12, og klokka 12.25 var det meldt om fri ferdsle.

Frå før er rv. 13 Vikafjellet stengt, og blir ikkje opna i helga.

E16 og rv. 52 er opne. I 11-tida melder Vegtrafikksentralen at det er uvanleg mykje trafikk over rv. 52 Hemsedalsfjellet. Det er fine forhold, men bilistane blir oppmoda om å køyra forsiktig.

Artikkeltags