Gå til sidens hovedinnhold

Rapport etter tunnelbrann: – Vanskeleg å unngå at trafikantar blir fanga i røyk

Artikkelen er over 1 år gammel

Havarikommisjonen kjem med tilråding etter brannen i Gudvangatunnelen i mars 2019.

30. mars 2019 om lag kl. 0330 byrja det å brenna i eit norsk vogntog i den 11,4 km lange Gudvangatunnelen i Aurland.

Dette var den tredje brannen i eit større køyretøy i denne tunnelen sidan 2013. Ingen blei alvorleg skadde, men fire personar blei behandla for lettare røykskadar.

Skal lite til å bli fanga i røyken

Statens havarikommisjon vurderer det slik at trafikantane raskt blei klare over situasjonen under denne brannen, og at alle saman raskt sette i verk tiltak for å fjerna seg frå situasjonen på grunnlag av avgrensa informasjon.

Denne hendinga viser både kor krevjande det er å rygga eit vogntog i ein tunnel og kor lite som skal til for at trafikantar blir fanga i røyken, skriv Statens havarikommisjon i ei pressemelding.

Ved store brannar i lange eittløpstunnelar utan naudutgangar finst det ikkje andre fysiske barrierar eller hjelpemiddel enn tunnelventilasjonen som kan skjerma trafikantar frå røyk og giftige branngassar. Undersøkinga har synt at tidsvindauget er lite, og at det er vanskeleg å unngå at trafikantar blir fanga i røyk.

Treng tiltak i eittløpstunnelar

SHK meiner at det bør etablerast kompenserande tiltak på dette området.

– Erfaring frå denne og tidlegare undersøkingar som SHK har gjort av brannar i lange eittløpstunnelar, viser at tidsmarginane er små, det er vanskeleg å unngå at trafikantar blir fanga i røyk, og at det manglar fysiske barrierar eller utstyr som kan verne trafikantane mot røyk og giftige branngassar, skriv havarikommisjonen.

Tilrådinga er at Statens vegvesen set i verk tiltak som kompenserer for manglande naudutgangar og alternativ friskluft for trafikantar som blir fanga i røyk i lange eittløpstunnelar

Kommentarer til denne saken