BULKAR: Ein av bulkane har Ragnhild Bakke klart å retta ut, men framleis er der fleire mindre som ikkje er like synlege på biletet. (Foto: Privat)

Ragnhild slapp fotgjengar over vegen - hoppa på panseret som takk

- Me vart heilt mållause, seier Ragnhild Bakke om hendinga like utanfor Sogndal hotell fredag kveld.

Publisert 25.05.2019 kl. 16.25. Oppdatert kl. 16.29.

Den 23 år gamle vernepleiestudenten fortel at ho og ei veninne kom køyrande om lag klokka 22 fredag kveld gjennom Sogndal sentrum.


-Det sto tre personar på fortauet på den sida skysstasjonen er, og eg stoppa for å sleppa dei over. To gutar og ei jente, sånn mellom atten og tjue år vil eg tru, fortel Ragnhild.

FOTSPOR: Jamvel fotspora etter han som hoppa opp på panseret var synleg, pluss fleire bulkar. Dette biletet tok Raghild like etter at det skjedde. (Foto: Privat)

Tok fart

Ho stogga bilen og stod i ro då den eine av dei to gutane brått tok løpefart mot bilen. Dei trudde han tulla, men brått hoppa han opp på panseret på bilen til Ragnhild.


- Der stod han litt og så hoppa han ne datt, sprang over vegen og forsvann inn ved ein hekk. Me to i bilen vart heilt mållause, det var nesten som me ikkje trudde kva me såg.


Dei to andre ifølgje gjekk vidare, held seg litt sjokkerte for munnen og lo over det dei hadde vore vitne til.


Heim

- Då me kom heim med bilen såg me at det var fleire bulkar i panseret, så me snudde attende for å sjå om me fann han som hadde gjort det. Det gjorde me naturlegvis ikkje, men eg veit at det var fleire som var vitne til det. Både dei som var på Vågal og andre bilar som kom bak oss.


Ragnhild seier at ho og vennina vart så sjokkerte over det dei opplevde at dei knapt rakk og tenkja klårt.


- Me burde kanskje ha sprunge ut av bilen med det samme, men han forsvann fort.


På FB

Dagen etter publiserte Ragnhild eit krast innlegg på ei Facebook-gruppe i sogndalsområdet, i håp om å så litt dårleg samvit i han som gjorde det.


- Eller kanskje eg kan nå fram til dei to andre eller nokon som veit kven dette var. Det er surt at skattepengane mine skal gå til å retta opp bulkane i panseret.


Ho fortel at dei freista få kontakt med ein politipatrulje dei såg ved å blinka med lysa, men då dei ikkje lukkast med det fann dei det ikkje rett å bry politiet med ei slik sak.


- Eg har nesten ikkje ord for kva eg meiner om dei som kan gjere noko slikt, det er nesten som eg mister litt trua på menneskeheiten eller noko slikt, seier studenten frå Florø.


Om det finst nokon med dårleg samvit som vil ha kontakt, så finn dei Ragnhild Bakke på FB.


 


Les meir om: Nyhende Sogndal