Prøv nyheitsappen til Sogn Avis: Gir deg nyheiter du interesserer deg for

NYHEITSAPP: Journalist Anders Huke og alle andre med nyheitsappen til Sogn Avis kan velja frå ei lang liste med emne å abonnera på.

NYHEITSAPP: Journalist Anders Huke og alle andre med nyheitsappen til Sogn Avis kan velja frå ei lang liste med emne å abonnera på. Foto:

No kan du få varsel om emne du er spesielt oppteken av.

DEL

– Dette gir deg sjansen til å gjera lokalavisa meir di. Du får pushvarsel om saker som interesserer deg spesielt, seier konstituert redaktør Eli Grotle.

I nyheitsappen til Sogn Avis kan du no personalisera kva for nyheiter du ønskjer å lesa aller først.

No får du sjansen til å få pushvarsel om trafikk, næringsliv, kultur, saker frå din heimkommune eller andre emne som interesserer deg spesielt.

I Sogn Avis sin nyheitsapp kan du velja å følgja dei emna du er mest interessert i, og med denne appen kjem du også direkte inn på nettsida.

Last ned

Appen er mogleg å lasta ned for iOS frå App Store, og for Android-telefonar. Ver obs på at det er to appar - me har ein app for eavisa, og ein app for nettavisa. Du skal lasta ned den som heiter Sogn Avis Nyheter.

Har du allereie lasta ned, pass på at appen er oppdatert med siste versjon.

Ved å klikka på «For deg» på botnmenyen i appen kan du personalisera din eigen nyheitsstraum basert på det som interesserer deg. Du får det i nyheitsstraumen når det skjer og du kan også velja kva du ønskjer å sjå i nyheitsstraumen og få pushvarsel på.

Sjå video: Slik gjer du det!

    – Appen gir deg moglegheit til å følgja inntil 20 emne frå avisa. Du kan velja å få pushvarsel om enkelte emne du er spesielt oppteken av, og å samla fleire emne i din personaliserte nyheitsstraum i appen, seier Øystein Spillum, produkteigar for mobilappar i Amedia Utvikling.

    Amedia forvaltar appane for over 80 aviser og publikasjonar. Slik funksjonalitet har vore etterspurt av brukarane frå ei rekkje aviser over lengre tid.



    – Brukarane har over lengre tid etterspurt moglegheita for å kunne følgja spesielt godt med på nokre tema ein er engasjert i. Dette ser me spesielt med yngre brukarar. Denne store oppdateringa har me jobba med i det siste halve året, og har vore grundig testa.

    Appen har vore i bruk i fleire testaviser så langt. Spesielt ser brukarar ut til å ønskja å følgja med på sin geografi.

    Følgjer kva som skjer i nærområdet

    – Me veit at det er følgja med på kva som skjer nært sin eigen bustad på mange måtar er det aller viktigaste for mange brukarar, fortel Spillum.

    I tillegg er det mange som følgjer med på emne Trafikk, altså små og større hendingar på vegane.

    Spillum understrekar at det ikkje vil bli ei erstatning for dagens framside, men eit supplement.

    – Ein vil framleis kunne gå til framsida og bli oppdatert på siste nytt og det redaksjonen har prioritert som viktigast til ei kvar tid.

    NYHEITER FOR DEG: Denne gjengen lagar nyheitssaker frå heile Sogn kvar dag. Følg med i nyheitsappen.

    NYHEITER FOR DEG: Denne gjengen lagar nyheitssaker frå heile Sogn kvar dag. Følg med i nyheitsappen. Foto:

    Artikkeltags