TØMDE BOSS: Sjåføren hadde høg promille då han køyrde den tunge renovasjonsbilen rundt i eit bustadområde. (Illustrasjonsfoto)

Promillekøyrde med bossbilen i bustadfelt

Med minst 1,76 i promille reiste mannen på jobb for å tømma søppel i eit bustadfelt.

Publisert 07.11.2018 kl. 17.00. Oppdatert kl. 06.33.

No er sogningen i 50-åra dømd til fengsel i 25 dagar, 10.000 kroner i bot og tap av førarkortet i to år og seks månader.


Det var tidleg om morgonen 2. juledag i fjor, at mannen først køyrde sin eigen bil frå der han budde for deretter setja seg bak rattet i bossbilen.


Tilstod

Då saka var oppe i Sogn og Fjordane tingrett vedgjekk mannen det han hadde gjort.


Påtalemakta la fram eit forslag om 25 dagar fengsel og grunngav det med at det i skjerpande retning må leggjast til grunn at sikta hadde ein promille på minst 1,76 då han sette seg bak rattet om morgonen.


«Det er betydeleg skjerpande at han i ein slik tilstand har køyrd både personbil og tung renovasjonsbil i ein periode på om lag 3,5 timar. Dette har skjedd i eit bustadområde i samband med tømming av søppel med den fare dette må ha medført for fotgjengarar i området», heiter det i dommen.


Miste jobben

I retten forklarte mannen at han som følgje av denne hendinga har mista jobben, retten har difor innvilga ei lågare bot enn det normale som er halvanna brutto månadsinntekt.


Bota vart difor sett til 10.000 kroner.


Yrkessjåføren må også klara seg utan førarkort i to og eit halvt år, noko retten ikkje fann grunn til redusera på sjølv om han opplyste at han er avhengig av førarkortet i samband med arbeidet sitt.


 


Les meir om: Nyhende