Det melder avisa VG. Dei skriv at måndag kveld norsk tid har fleire titusen brukarar rapportert om problem med plattformene på nettstaden Downdetector.com, som samlar feilmeldingar frå brukarar over heile verda.

Facebook, som eig Instagram og Whatsapp, har førebels ikkje gått ut med informasjon om årsaka til problema, men stadfestar i ei Twitter-melding at dei er kjende med dei. Det vert jobba med å retta opp i problema.