Gå til sidens hovedinnhold

Problem i tunnel hindra opning etter vegarbeid

Siste: Like etter klokka 07.00 vert det meldt at tunnelen er open att for fri ferdsel.

Vegtrafikksentralen Vest melder at Borgundstunnelen på E16 i Lærdal, ikkje vert opna som planlagt klokka 06.00.

Opninga vert utsett inntil vidare på grunn av uforutsett oppryddingsarbeid og vedlikehald.

Det vert køyring med følgjebil på lokal omkøyringsveg fram til tunnelen kan opnast for fri ferdsel.

Ved pressevakta til Vegtrafikksentralen får Sogn Avis opplyst at det var problem med sprøytebetong som hindrar opning til oppsett tid.

Der er dei ikkje oppdatert på kva tid det no blir opning, men der er omkøyring på gamlevegen.

Og for dei som skal over fjellet er det vinterdekk som gjeld, om det var nokon som lurte på det.

Kommentarer til denne saken