– Journalistane i Sogn og Fjordane boksar både ein og to vektklassar over sin eigen. Trass i at dei ikkje er så store klarar redaksjonane å prioritera godt. Journalistane går inn i dei største sakene med det som krevst av innsats, seier Jens Kihl.
Kulturredaktøren i BT har sete i prisjuryen saman med TV2-journalist Ingvill Drægni og Birgitte Vaksdal, politisk journalist i BA.
Kihl seier at arbeidet i år var ekstra artig og krevjande, fordi bidraga var uvanleg sterke. Under prisfesten på Hotel Alexandra i Loen fredag kveld vart det delt ut heiderleg omtale og pressepris i tre kategoriar.
Open klasse
I kategorien open klasse gav juryen heiderleg omtale til Bent Are Iversen i Firda for Tunnelkrøllet.
Ole Ramshus Sælthun i Sogn Avis fekk òg heider for petitspalta «Skuggeblikk».
– Det er mange som prøver å vere artige i norske aviser. Her er det ein som klarer det, skriv Kihl.

Då denne mannen skulle opptre som hoffreporter gjekk det som det måtte
Vinnarane blei alle som hadde lage kloke, nyskapande saker i «Den store folkevandringa.
«Me peikar særleg på Renate Sæle i Sogn Avis og Asgeir Heimdal Reksnes, Anders Nøkling og Terje Gilleshammer i NRK Vestland», heiter det frå juryen.
Sogn Avis-journalist Renate Sæle hadde på ingen måte venta at ho skulle få med seg ein pris heim til Sogn.
– Eg har sett bidraga som har kome inn og må seia at det har blitt laga utruleg mange gode saker. Eg har lest dei alle med stor interesse. Så vil eg påpeika at det er ikkje berre eg som har vunne i denne kategorien. Dette har vore eit samarbeid på tvers av mediehus, og eg tykkjer det er utruleg kjekt at ein kan samarbeid på denne måten, seier ho.

Kjempar imot dystre utsikter: – Me tek dette på høgste alvor

Breidablik ber kommunane ta tak: – Det er ikkje idrettshallar dei gamle har mest bruk for
Årets reportasje
I kategorien «årets reportasje» fekk Sondre Dalaker i NRK Vestland heiderleg omtale for saka «Inger – ei historie om liv etter døden».
Vinnarane i kategorien vart Geir Bjarte Hjetland og Håvard Heggen i NRK Vestland for «Den ufrivillige detektiven»
Årets nyheitssak
I årets nyheitssak gav juryen heider til Bård Siem, Asgeir Heimdal Reksnes, Anders Nøkling, Oddmund Haugen, Olav Holger Næss, Ragnhild Merete Kløften og Terje Gilleshammer i NRK Vestland for saka «Kvinna som vart sendt heim».
Heiderleg omtale fekk òg Arve Uglum og Halvor Farsund Storvik i Sogn Avis for «Historia om to ultimatum».
– Dette er ei lekker, politisk gravesak om ei ikkje fullt så lekker rådmannsprosess, skriv juryen.

Det første ultimatumet gjorde han uaktuell. Det andre sikra han jobben
Vinnaren blei Hanne Stedje i Sogn Avis for artiklane om korleis kvinnelege prestar har blitt utsett for utestenging og diskriminering.
– Eit paradoks
Stedje seier ho var nesten i sjokktilstand då ho blei ropt opp som vinnar.
– For det første så er det så mykje bra arbeid som blir nominert. Eg blir nesten matt av kor mange flinke kollegaer me har i Sogn og Fjordane. For det andre så er det eit paradoks at eg får ei slik anerkjenning av mine dyktige kollegaer om ei sak som handlar om at kvinneprestar blir diskriminert av sine kollegaer. Det er to motsetningar som eg har tenkt litt over, seier Stedje.
Ho legg til at det ikkje går an å få til slike saker om folk ikkje vil fortelja om dei.
– Så ei stor takk til Helene Langeland og Wenche Lie Lysne om sin openheit. Engasjementet som oppstod rundt denne saka viser at folk bryr seg om kva som skjer i den Norske kyrkja. Det er kjekt å sjå.

Vil framleis ikkje samarbeida: – Kan ikkje tvinga nokon

Har granska arbeidsmiljøet i kyrkja: – Slik skal det ikkje vera

Kollegaene takka Wenche: – Dei makta berre ikkje å seia ifrå
Sender ei utfordring til redaktørane
Kihl er ikkje i tvil om at folk i Sogn og Fjordane bør vere djupt takksame for å ha så gode journalistar på jobb, men så kjem han også med eit lite hjartesukk.
– Dei bidraga som kom inn, men som ikkje nådde heilt opp har like sterke journalistiske poeng. Men sjølve saka er kanskje for lite gjennomarbeidd og løyst raskt. Det er ei utfordring eg sender til mine redaktørkollegaer om å vera endå tøffare til å prioritera sakene som skal få skina og gje dei større kjærleik.
– Sjølv om det er travelt for journalistane i ei lokalavis, så er klarar dei å prioritera heilt strålande journalistikk. Eg trur og at mange journalistar gjerne går den ekstra mila for ein kollega, og tek på seg nokre timar ekstra og skriv raskt for å fylla avisa til dagen etter, for at kollegaen kan konsentrera seg om eit skikkeleg stykke arbeid. Og neste gong er rollene bytt om, det må journalistar dyrka fram og sjefane leggja til rette for, seier Kihl.
Stolt redaktør
Arve Uglum, ansvarleg redaktør i Sogn Avis, seier han er stolt over journalistane som har nådd opp i dette selskapet.
– Grunnen til at me har nådd opp er fordi journalistane gjer meir enn det som er venta av dei. Dette er også ein lagsiger. I ei lokalavis er det full fart heile tida og då må andre steppa opp for at andre skal få fordjupa seg i krevjande saker og i større prosjekt.
– Eg er også glad for at juryen vektlegg den viktige journalistikken. Hanne Stedje, til dømes, forandra Den norske kyrkja gjennom god journalistikk. Det er godt at dei legg merke til slikt, seier Uglum.