Prisveksten det siste året var 0,6 prosentpoeng høgare enn tolvmånadersendringa i mai, som allereie var svært høg.

– I juni var det først og fremst auka prisar på drivstoff og matvarer som gjorde at vi fekk ei ytterlegare heving i tolvmånadersveksten. Matvareprisane auka uvanleg mykje, seier seksjonssjef Espen Kristiansen i SSB.

Prisen på matvarer har auka med 5,6 prosent det siste året. Det er kjøtt og kornprodukt som har auka mest, med høvesvis 9,4 og 5,2 prosent.

Stor månadsendring

Frå mai til juni steig matvareprisane med 2 prosent.

– Ein så stor auke i matvareprisane frå mai til juni er uvanleg. Vanlegvis ser vi dei største rørslene i matvareprisane i februar og juli, som er tidsvindauga der leverandørane kan justere prisane inn mot matvarekjedene, seier Kristiansen.

Strøm og drivstoff held fram med å vere utgiftspostar med stor prisoppgang. Nordmenns straumutgifter var i juni 28,4 prosent høgare enn i juni i fjor.

Frå mai til juni i år steig prisane på drivstoff med 12,8 prosent. Samanlikna med juni 2021 var dei 56,4 prosent høgare i juni i år.

Mindre inflasjon enn Europa

Inflasjon justert for avgiftsendringar og energivarer, ofte kalla kjerneinflasjon, var på 3,6 prosent det siste året. Det er rett under den høgaste tolvmånadersendringa i kjerneinflasjon på 3,7 prosent i 1995.

Utan straumstøtta til regjeringa hadde den totale prisveksten vore på 8,2 prosent.

Ved førre tolvmånadersendring var prisveksten på 5,7 prosent. Det var den høgaste prisveksten sidan 1988.

I eurosona har prisveksten det siste året vore på 8,6 prosent.