Gå til sidens hovedinnhold

Positiv prøve i Lærdal

Helse Førde melder om ein positiv koronatest i Lærdal.

Tre av 273 analyserte prøver var positive, viser prøvesvara frå Helse Førde onsdag.

Prøvetakingskommune for positive prøver er Kinn og Lærdal, opplyser helseføretaket. Lærdal kommune skriv på nettsidene at det onsdag kveld blei varsla om ein ny positiv prøve i Lærdal. Smittesporing pågår for å avdekka nærkontaktar og det er framleis uklart om smittetilfellet har ført til vidare smittespreiing.

Kommentarer til denne saken