Medietilsynet har behandla i alt ni nye søknader om tilskot i år.

Desse var frå Porten.no, Nett.no, Dagbladet Pluss, Bodø Nu, Rana No, Vefsn No, Medier24, Stord24 og Medieselskapet Karmøynytt.

– Medietilsynet har vurdert at dei to lokalavisene Rana No og Porten.no kvalifiserer til å komme inn i ordninga. Rana No er ei redaksjonell uavhengig nettavis med base i Mo i Rana, mens Porten.no er ei heildigital, uavhengig regionavis for Indre og Ytre Sogn, skriv medietilsynet i ei pressemelding.

Nettavisa Medier24 er også ein av dei nye søkjarane i år som får støtte. Publikasjonen skriv særleg om medium, journalistikk, kommunikasjon, sosiale medium og teknologi.